Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Bergly Internasjonale Familiebarnehage

(Les god omtale nederst på sida...frå ein veldig fornøgd pappa)

[Her er vedtekter for Bergly Internasjonale Familebarnehage]

Sandkassen
Sandkassen....alltid populær

Høner og kaniner er ein del av kvardagen vår

Høner og kaniner er ein del av kvardagen vår

 


Høner


Bergly Internasjonale Familiebarnehage er ein usedvanleg god og fin barnehage. Viss du synes det er vanskeleg å gå frå eitt åringen din og tilbake til jobb, så kan Bergly Internasjonale Familiebarnehage vera løysinga for for deg og barnet ditt. Her vil barnet ditt få ein roleg start på barndommen.

Barnehagen ligg 500 meter frå Aker Solution i rolege omgjevnader i Gullbergvegen 23. Gullberg friområde er vår næraste nabo. Me har maks 8-10 barn. Barnet ditt vil få individuell merksemd , 2 måltid kvar dag, pluss frukt om ettermiddagen og transport (hente og bringeordning kvar dag) inkludert i den offentlege maksprisen for barnehagar og eit variert innhold i dagen. 

2-3  gode og erfarne voksne. Høner og kaniner. Godt uteområde.

 



kaniner
Leikeområde er variert og lokala inne er gode og koselege.
Me har alltid ein pedagogisk leiar som tar ansvaret for det pedagogiske arbeidet og innhaldet i barnehagen.

 

Barna kosar seg når dei køyrer bussen

Barna kosar seg når dei køyrer bussen

 Me arbeider ut frå den offentlege rammeplanen, eigne vedtekter og årsplan. Dette gjev oss retning for det pedagogiske arbeidet.
Vi lærer også barnet ditt kristne verdiar i kvardagen. 
Er barnet ditt døypt ? Me hjelper deg med dåpsopplæringa, er eitt av ”ordtaka” våre.  Me har ei samlingsstund kvar dag som kan likna på ein liten søndagsskule. Då  syng me kristne barnesongar, les ei historie frå Barnebibelen og ber med borna. Dette er ei stund på dagen som barna elskar.

 


Ungar i sofa


Me trur at alle sidene ved eit barn er like viktige: det fysiske, materielle, sosiale, psykiske og det åndelege. Me legg vekt på at me i størst mogleg grad skal klara å gje barna omsorg på alle desse områda. 

Me har tru på bordfellesskapet er godt for barna. Difor har me frukost og lunsj inkludert i prisen for opphaldet. I tillegg går me 1 dag i veka til gymsalen på Leirvik skule. Her får ungane boltra seg på eit stort golv og full rulle med aktivitetar. Minst 1 dag i veka går me på tur i nærområde. Her er det mange muligheiter.

 

Barn ved bord


Me gjev ungane stort rom for frileik. Me har stor tru på at det er viktig å stimulera barnas eigen fantasi, der tilrettelagte aktivitetar stimulerer deira eigne ressursar til å gjera ting sjølv.

 

Kolonne

Dagsrytme:

Bergly Internasjonale Familiebarnehage

Kl. 0645 Barnehagen opnar
Kl. 0800 Frukost
Kl. 0900 Me matar hønene 
og kaninene
Kl. 0930 Samlingsstund
Kl. 1000 Inneaktivitet/uteaktivitet
Kl. 1030 Tur (på turdagen)
Kl. 1200 Lunsj
Kl. 1300 Sovetid for dei minste. 
Uteleik for dei store
Kl. 1430 Fruktstund
Kl. 1500 Barna leiker til dei vert henta
Kl. 1545 Barnehagen stengjer

 

You are looking at what’s likely one of the best kindergartens you can find for your child in Norway!
In this place your child isn’t just in the kindergarten, the children become part of the family. 💖
They take genuine interest in every individual child and follow them up based on their needs.

It's a Christian kindergarten, but don’t be sceptical because of that, then you miss out! That does not mean you need to be extremely religious. But you do need to appreciate your child learning good values as part of their kindergarten stay. 🤗

Oh, and don't forget they pick up and deliver your child at your home 😍 Only on Fridays you pick up your child and check their clothes etc. in their box. The rest of the week they are warmly picked up at your home, brought to the kindergarten and home again to you in the afternoon.

Our biggest regret leaving Stord for work, is missing out having our child grow up in this warm caring kindergarten environment where they are amazingly focused on the children’s development on every level. 🤗"

I'm Norwegian and write this in English just so more people will understand they are looking at kindergarten treasure with Bergly Familiebarnehage. Same family also have Stuastølen, an equally good place for your children. ❤️

------

Du ser på det som sannsynlegvis er ein av dei beste barnehagane du kan finne for barnet ditt i Noreg!
På denne staden er ikkje barnet ditt berre i barnehagen, barna blir ein del av familien. 💖
Dei tek genuin interesse i kvart enkelt barn og følgjer dei opp basert på behova deira.

Det er ein kristen barnehage, men ikkje ver skeptisk på grunn av det, då går du glipp av noko! Det betyr ikkje at du treng å vere veldig religiøs. Men du må setje pris på at barnet ditt lærer gode verdiar som ein del av barnehageopphaldet. 🤗

Å ja, og ikkje gløym at dei hentar og leverer barnet ditt heime 😍 Berre på fredagar hentar du barnet ditt sjølv og sjekkar kleda deira osv. i boksen deira. Resten av veka blir dei varmt henta heime, køyrd til barnehagen og kome heim att til deg om ettermiddagen.

Vår største sorg over å flytte frå Stord for arbeid er å gå glipp av at barnet vårt veks opp i dette varme, omsorgsfulle barnehagemiljøet der dei er utruleg fokusert på utviklinga til borna på alle nivå. 🤗"


Bilde 2:

"Eg er norsk og skriv dette på engelsk berre for at fleire skal forstå at dei ser på ein barnehageskatt med Bergly Familiebarnehage. Same familie har også Stuastølen, ein like god stad for borna dine. ❤️

 

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Personvernerklæring

Logg inn