Stuastølen Gardsbarnehage
[Her er vedtekter for Stuastølen Gardsbarnehage]
Stuastølen Gardsbarnehage er eit unikt tilbod på Stord.
Barnehagen vart opna hausten 2005. Den ligg tett ved Stuva skogen ca 3.5 km frå Leirvik sentrum mot Litlabø.
Garden barnehagen ligg på, er ein av dei finaste på Stord. Idyllisk er ordet mange brukar når dei kjem og ser kor fint det er. Me er ein privat, men offentleg godkjent barnehage med utvida kristen formålsparagraf.
Over: Barnehagehuset og leikeplassen vår. No med klatrepyramide
Me arbeider ut frå den offentlege rammeplanen, eigne vedtekter og årsplan, som gjer det mogeleg med lokal tilpasning. Me har utvida kristen formålsparagraf. Innhaldet i den praktiserer me ved å ha ei samling som liknar ein søndagsskule etter frukost. Me legg vinn på glad sang, gode forteljingar frå Bibelen og omsorg for andre.
Satsingsområda våre kan endra seg frå år til år. Men me arbeider medvite med å ha tema som femnar dei sju fagområda rammeplanen set opp.
I året som kjem, vil me starta med: Å bli kjent, deretter blir Dyra i Hakkebakkeskogen der inkludering står sentralt, neste tema er farsdag, før jula skal feirast.
Les meir i årsplanen vår: https://www.solsikkenebarnehager.no/arsplan-201920-28784s.html
Integrering og toleranse av alle barn, er ein viktig del av vår profil.
Gjennom heile året har me språktrening 2 gonger i veka, sidan dette er eit offentleg satsingsområde for alle barnehagane i landet.
Heile tida er barns medverknad i fokus. Dei får vera med å koma med forslag til kva me skal gjera framfor kva tema periode. I tillegg har me ein dag kvar veke, der dei får fritt velga mellom ulike aktiviteter. De som foreldre er også frie til å koma med innspel og tilbakemeldingar til barnehagen gjennom heile året.
I fjøset er det sauer. Me kan gå og besøkja dei når me vil. Kvar vår får borna vera med i fjøset når sauene har lamma. Dette er ei stor og spannande hending for borna.
Barnehagen ligg atmed Stuaskogen. Her har me eit eige leikeområde i skogen som du kan lesa nærare om på sida "Leikeområde i skogen": Klikk på Forside, vidare på Om barnehagane
Me nyttar skogen ofte til turar. Her har me 400 dekar til rådvelde.
I foreldreundersøkinga i fjor vart Stuastølen Gardsbarnehage kåra til den beste barnehagen på Stord 2023!
Dagsrytme:
Stuastølen Gardbarnehage
Kl 07 00 Barnehagen opnar
Kl 08 30 Frukost
Kl 09 15 Frileik.
Kl 09 45 Samlingsstund /
språktrening
Kl 10 30 Inneaktivitet /
Uteaktivitet /
Riding ( veravhengig)
Kl 10 30 (Turdag er mandag)
Kl 12 00 Lunsj
Kl 13 00 Sovetid for dei minste
Kl 14 30 Fruktstund
Kl 15 00 Leiken fortset til barna
blir henta
Kl 16 00 Barnehagen stengjer